Båtar på Oldevatnet

Båtar på Oldevatnet

Den første dampbåten på Oldevatnet D/B «Victoria», kom i midten av 1890-åra. Han vart snart følgd av D/B «Brixdal», og to lag som åtte kvar sin båt, øvre Olden Dampbåtlag og Olden Dampbåtlag vart liggjande i konkurranse om fraktinga av turistane.

VICTORIA
Det var på denne tid at turist tida over Oldevatnet byrja for alvor. Den storfeldte naturen langs vatnet og ved Briksdalsbreen, og køyringa med hest og kjerre, gjorde at turen til Oldedalen vart svært populær.

Ein gong kom kong Oscar 2. på vitjing til Oldedalen. Både ”Victoria” og ”Brixdal”, møtte opp ved Eide, for begge båtane ville skysse kongen over vatnet. Kongen løyste problemet ved å seie: «Eg er van med å styre to kongerike, difor brukar eg den eine båten oppover, og den andre ned att».

Del to dampbåtlaga tok etter kvart til å skjøne at det ikkje var nok turistar til at begge båtane kunne drive trafikk på Oldevatnet. Difor vart L/L Olden Dampbåtlag skipa l6.juni 1897. Dette båtlaget, som er ei samanslåing av dei to dampbåtlaga, fekk frå først av 65 medlemmar.

Laget tok over ”Victoria” og ”Brixdal” men den eldste av båtane, »Victoria», vart straks seld.
»Brixdal» var overbygd frå ende til ende. Det var ein svært «ruljen» båt, det vil seie at han låg ustøtt i vatnet dersom det var litt båregang. For å gjere båten stødigare, vart han påbygd to meter på lengda.
”Brixdal” var den einaste båten som gjekk i turisttraflkk på Olde vatnet like til 1926.

BRIXDAL
Som før nemnt var kong Oscar 2. på vitjing til Oldedalen, men han er ikkje den einaste kongelege
personen som har fått oppleve denne vakre dalen. Både vårt eige konge par, kong Haakon og dronning Maud, og keiser Wilhehn II av Tyskland reiste i si tid med ”Brlxdal” over Oldevatnet.

L/L Olden Dampbåtlag dreiv berre turisttrafikk, difor var ikkje båtane. deira i drift om vinteren Støypesøylene i naustet på Kvamsland der «Brixdal» stod, står den dag i dag. Før i tida var Oldedalen utan vegsamband, og folket der var så og seie heilt avhengig av båt eller is på vatnet for å kome seg til Olden. Difor ville Oldedølene at ”Brixdal”, skulle gå i rute eit par dagar for veka om hausten etter at turistsesongen var slutt.

Aksjdnærane i dampbåtlaget sette seg mot dette og det var den største grunnen til at Oldedalen Motorbåtlag vart skipa.
Første båten til laget, M/B«Oldedølen», vart sett i trafikk i 1915. Den første «Oldedølen» var 50 fot lang, og vart driven av ein diselmotor på 10 hk. I byrjinga gjekk han med varer og passasjerar over Oldevatnet ein rutedag for veka, også om vinteren.
Vinterstid når det låg is på vatnet, laut «Oldedølen» bryta seg gjennom, og det greidde han ilckje. alltid ved eiga maskin.
 Oftast laut ein mann for kvar av aksjonærane vere med å hjelpe til. Av og til laut del bruke dynamitt for å skyte opp råk, og andre tider gav dei motoren full gass slik at båten kleiv opp på isen og knekte han under seg. Der isen var så tjukk at maskinen ikkje greidde å presse båten opp på, gjekk mennene ved sida og drog med tau festa i båten. Dette var eit svært fårleg arbeid, og mange av dci eldre seier at det er eit under at ingen sette livet til då dei heldt på med det.

Når det låg meinis og stengde all ferdsle på Oldevatnet, var det mange som laut bere tunge bører nedover og oppover langs vatnet. Å ta t.d. den over 50 kg tunge smørdùnken på ryggen i djup snø og over store snøfenner, var langt frå morosamt. Det var eit for fordeleg slit, men utan denne tran sporten kvar veke, med vidare sending frå dampskipsekspedisjon en i Olden, kunne ikkje smøret  frå Oldedalen Meieri stå seg. Dette syner kor nødvendig ferdsta på vatnet var, serleg om vinteren.

BRIXDAL VED KAI I OLDEDALEN
Den gamle» «Oldedølen» heldt fram med å trafikkere på Oldevatnet til 1938. Då vart han utskift med ein annan båt, den »nye»«Oldedølen».
Denne gjekk så i rute i 17 år, til Oldedalen endeleg fekk vegsamband i 1955. Då var det ikkje naudsynt med båttrafikk på vatnet lenger.
Ferda frå Eide til Rustøen tok med D/B ”Brixdal” om lag ein time. Ein fram- og tilbaketur med denne båten kosta 30 øre, ein einskildtur kosta 20 øre. «Oldedølen», som kom noko seinar tok 50 øre for ein tur-retur bilett. Om søndagane når båten skyssa folk som skulle til kyrkje i Olden, kosta same biletten 35 øre.
Å leige «Oldedølen» ein ekstratur over vatnet og attende kosta i 1915 fire kroner.

Etter 1. -verdskrig var det nærmast ein eksplosiv auke i turist trafikken på Oldevatnet. Mange store turistskip vitja Olden, og dei fleste av passasjerane tok turen gjennom Oldedalen til Briksdalen. «Brixdal» vart for liten til å kunne ta alle turistane, difor kjøpte dampbåtlaget M/B «Alda». Ho
kom sommaren 1926.
 «Alda» var helt ny då ho vart innkjøpt, og med ein 50 hk dieselmotor, gjekk ho mykje snøggare enn «Brixdal», som trafikkerte eit par år til.
Det var ingen direkte konkurranse mellom Olden Dampbåtlag og Oldedalen Motorbåtlag om trafikken på Oldevatnet. Dampbåtlaget baserte seg berre på turist trafikk, medan Motorbåtlaget tok seg fraktinga av varer og bygdafolk til og frå Oldedalen. Men dei dagane det var mest turistar, dei så kalla bamnbergerdagane, laut dampbåtlaget leige «Oldedølen» for å greie å frakte alle turistane over vatnet. Bambergers Bipa var eit tysk turistselskap som sende veldige turistskip til Olden.

ALDA
Dette var i den tida då både «Alda» og «Brixdal» gjekk i trafikk, og saman med «Oldedølen» låg dei ved Eide og venta på turistane frå skipet.
Etter køyreturen med hest og kjerre frå Olden til Eide, vart så mange som lovleg var, og kanskje vel så det, «stuva» ombord i båtane og i skutene som kvar båt hadde på slep etter seg. Dei tre båtane laut gjera tre vender kvar over Oldenvatnet for å frakte alle turistane. Ein slik dag kunne tilsaman 1000 - 1200 personar reise fram og att ende over vatnet. Det var gode tider for dampbåtlaget, noko som viste seg ved at det enkelte år vart delt ut 150 % utbytte til luteigarane. Trafikken heldt fram til og med 1939, men då andre verdskrig braut ut, fekk båtane seg nokre nye år på land. »Alda kom i drift igjen i 1946. Briksdal vart seld, og etter at den nye vegen til Oldedalen var ferdig ( 3.12.1955) vart det fleire og fleire som valde å bruke landevegen til Briksdal. 11976 selde dampbåtlaget »Alda» og kjøpte att ein plastbåt med plass til 50 passasjerar. Denne båten, som fekk namnet »Briksdal», hadde større motor enn »Alda» og skulle såleis bruke kortare tid over vatnet. Det viste seg imidlertid at trafikken framleis minka, og i 1981 vart siste sommaren med rute på Oldevatnet. Ein viktig epoke i turistferdsla var slutt.

Oldencamping

Camping plass på Gytri ved Oldevatnet,
har fin liten "gapahuk" og lavu til utleige for festleg samankomst.

M/B Olden kan frakte dere til Oldencamping
tlf :57 87 59 34 

 

Bilde av 205544_600_600[1]Bilde av 205555_600_600[1]Bilde av 205556_600_600[1]

 

 

Den gamle kaia blir ny

Bilde av 205590_600_600[1]På midtsommaren i 2006 vart den gamle tre kaia på rustøyland oppgradert til ei meget fin, klassisk, solid trekai, nesten identisk med den gamle kaia.

Med eit stort pågangsmot og dugnadsånd, bygde lokale pådrivarar den nye kaia på nokre få dagar, ei bragd ein skjeldant ser i desse dagar.