M/B Olden

Velkomen til Olden Cruise as.
Vi er eit lite ”reiarlag” som held til i Olden, inst i Nordfjord i Stryn kommune.
Selskapet vart skipa i 2005 og starta same år opp att ei gammal næring her i bygda: Turistbåttrafikk på Oldevatnet.

Vi har såleis gleda av å ynskje deg velkomen om bord i
M/B OLDEN
- ein vakker båt med høg standard-
Vi tek deg med på ein båttur som vi har valt å kalle
”BRECRUISE”

 
”Etter at siste istid tok slutt for om lag 10 000 år sidan, gjekk fjordarmane lenger inn i landet enn i dag. Nordfjorden strekte seg heilt til Melkevoll og Åbrekk øvst i Oldedalen. Etter kvart steig landet og gammal havbotn vart til frodig jordbruksland. Oldevatnet vart liggjande som ein innlandssjø og batt saman bygdelaga Oldedalen og Olden. ”

Turen startar på Eide. Langs det smaragdgrøne vatnet går ferda sørover til Sunde, vidare til Gytri, så Yri og til slutt Rustøen. Langs austsida strekkjer Jostedalsbreen seg frå Strynefjellet i nord til Sognefjorden i sør. Langs vestsida av dalføret ligg Myklebustbreen, Noregs sjette største isbre. Dei mange brearmane glitrar som juveler nedetter dalsidene.

Først ser vi ”Eidebreen” Seinare passere vi ”Sundsbreen” og ”Krokebreen”. Vi har lenge fin usikt til ”Gytri-breen”. Så dukkar ”Yri-breen ” opp og like etter Rusti-breen. I søeaust ligg ”Kjøtabreen” og sør kan vi nyte det vakre synet av ”Melkevolls-breen” . Frå enden av vatnet står det att berre nokre få kilometer langs landevegen så kjem sjølve kronjuvelen til syne: Briksdalsbreen. Meir enn 250 000 turistar vitjar denne brearmen kvar sommar.

Denne naturen har fasinert turistar frå fjern og nær i meir enn 140 år. Dei første turistane måtte leige rorskarar på Eide for å kome seg over vatnet. Etter kvart auka trafikken og i 1893 vart den første dampdrivne turistbåten, ”Victoria” sett i drift på vatnet. I 1955 vart det bygt veg til Oldedalen og etter kvart vart det færre som følgde båt. I 1981 vart tilbodet lagt ned.

No har du igjen høve til å følgje i pionerane sine fotefar og oppleve ein heilt spesiell båttur inntil hjartet av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Bli med då vel…